Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Høg aktivitet i SKDE i 2025

I årsrapporten finn du hovudtrekka frå året som gjekk.

Publisert 17.04.2026
Forside  av en rapport med bilde av en kvinne som triller et barn i rullestol

Foto: Skjermdump/ Shutterstock

Forsida av SKDE sin årsrapport for 2025.

Du kan mellom anna lesa at SKDE i 2025  

  • for fyrste gong har laga ei framskriving av korleis akuttinnleggingar blant eldre kan utvikla seg framover. Ho varslar ein kraftig auke i akuttinnleggingar fram mot 2040.  
  • har leidd arbeidet med “Revurdering av utgreiings- og behandlingsmetodar”. No er fyrste område revurdert, og ei nasjonal faggruppe med skulderspesialistar foreslår fleire tiltak for å redusera unødvendige skulderoperasjonar.  
  • publiserte eit nytt barnehelseatlas som viste bruk av helsetenester for ulike sjukdomsgrupper for barn. Det er 10 år sidan det førre barnehelseatlaset, og me ser framleis variasjon i behandlingspraksis.  
  • registrerte ei stor og gledeleg auke i bruken av metodebok.no  
  • overtok Klinisk dashbord frå Helse Sør-Øst. Dashbordet inneheld analysar av bruk av helsetenester innan somatikk, psykisk helsevern, lab og radiologi.  
  • for fyrste gong har brukt nasjonale medisinske kvalitetsregister til å undersøkje behandlingskvalitet i norske sjukehus i eit kjønnsperspektiv  
  • arrangerte Helse- og kvalitetsregisterkonferansen i september for 420 deltakarar i samarbeid med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet  
  • publiserte fleire forskingsartiklar, og eit doktorgradsprosjekt om variasjon i kreftbehandling hos eldre vart avslutta med disputas i april  

  Alt dette og meir informasjon finn du i årsrapporten for 2025.